Sunday, 17 February 2013

40-årsgåve (og litt julegåve) :)


Etter litt utsetjing i avleveringa, vart julegåve-/bursdagssokkane overlevert i går. Strikkinga var både artig og utfordrande. Eg synes alltid det er så vanskeleg å forhalde seg til føtter som er mykje større enn mine, men det visste seg at det var ingen grunn til å vere bekymra. Sokkane passa, vart tatt på og prøvegått litt :)

Rett nok fekk eg ein liten kommentar på at dei jammen var fargerike, men slikt kan ein jo ikkje bry seg om. Dei VARMAR like godt når dei er fargerike, nemleg ;) Dessuten gjer det vel ingenting om ein vert litt ekstra glad inni seg når ein ser ned på føttene, eller kva? Eg vert i alle fall alltid glad, når eg ser ned på mine fargerike sokkar.. *ler*

Oppskrift: vanlege tjukkesokkar, denne gongen med 1 rett, 1 vrang
Garn: Raggen frå Viking of Norway
Pinner: 4 mm
Størrelse: 43
Vekt: under 100 gram

After putting of the delivery for a few days, the Christmas/Birthdaysocks got handed over yesterday. The knitting where both fun and challenging, as I always find it hard to relate to feet this much bigger then mine. But there where nothing to worry about. They fitted just fine, and he even wore them for a while :)

He did comment on the colours, saying they where bright and colourful, but I don't really mind. They do keep his feet WARM, just as well as grey socks ;) And wouldn't you rather have happy socks? I know I get happy when I look at my socks.. *giggling*

Pattern: regular socks, this time k1, p1
Yarn: Raggen by Viking of Norway
Needles: 4 mm
Size: 43
Weight: less then 100 gr

1 comment:

-Anette- said...

Fargerike sokkar er eit "must" å ha i samlinga :)