Thursday, 31 January 2013
Kjærleiksgensaren i bruk :)
Mange har etterlyst bilete av den grøne Kjærleiksgensaren i bruk. Eg har brukt genseren masse, og den er stadig ein av favorittane! Den er kanskje ikkje så fin å bruke "ute blandt folk" lenger, då den har tova seg litt i vask og nuppar ein del. Men, heime på hybelen, så er den ypperleg! :)
Drops Nepal er herleg å strikke med, og grønfargen er berre lekker. Men, den skal handvaskast, og det har eg ikkje tolmod til. Difor kan eg berre innrømme at den har gått i maskina nokre gonger (slike gensrar treng ikkje vaskast så ofte, då eg alltid bruker noko anna under). Maskinvask fører til lett toving, og muligens fleire nuppar.
Ein anna egenskap som eg ikkje var klar over då eg valte garnet, var at det sig i bruk. Ikkje berre nedover, men i vidda òg. Altså kunne eg sikkert ha strikka gensaren ein størrelse mindre, men då hadde det jo ikkje vorte same kjensla av å kunne "bu" i den ;)
Several has asked for a photo of the green love sweater actually worn. I've used it a lot, and it's still one of my absolute favorites! It might not look that nice anymore, since it felted a bit during washing and has a bit of worn look to it. But, at home, it's perfect! :)
Drops Nepal is so nice to knit with, and the green colour is just lovely. But, it does ask for hand washing, which I don't really bother doing. So I'll have to admit that it has gone into the washer several times (not often though, since I always wear something underneath, it don't really get "dirty"). Using the washer made it felt a bit, and there are small nobs of alpaca hanging loosely here and there.
Another thing I didn't take into consideration, is that it has grown after use. Not just gotten longer, but wider as well. I guess I could have knit a smaller side, but then again that would have given the same feeling to it. Right now, it feels like I can "live" in it ;)
Subscribe to:
Post Comments (Atom)

1 comment:
Så FIN!!
Post a Comment